Med fokus på kvalitetsmat

torsdag 21. januar 2016

Mellom innovativ landbruksteknologi, internasjonale matattraksjonar og spektakulære hesteshow finn vi den norske delegasjonen og Dyrsku´n i Seljord.

Verdas største landbruks- og matmesse er godt i gang. I 29 år har Innovasjon Norge reist med ein heil delegasjon til den internasjonale messa Grüne Woche, for å skape nettverk, få inspirasjon og syne fram Noreg som ein turistdestinasjon. I år er kvalitetsmat på agendaen, og Dyrsku´n er ein av dei handplukka aktørane som profilerast. Som kjøkkensjef på Dyrsku´n, er det utruleg stort å få vere til stades på ei messe som Grüne Woche. 

I tillegg til å kunne presentere lokal mat og våre visjonar, er det fantastisk å få møte så mange forskjellige menneskje frå heile verda. Vi får fortalt vår historie, bli inspirera av andre, og ikkje minst får vi presentera den gode lokalprodusera maten vi har her oppe i nord. Det seier samtidig mykje om oss i Seljord at vi klarar å ta ein posisjon i eit slikt nettverk. 

Tri betraktningar frå Grüne Woche 2016    

  1. Messa er så proff! Alt frå søppelsortering til publikumshandtering går smertefritt. Eg gleder meg til å ta med den beste inspirasjonen heim til Dyrsku´n! 
  2. Alle mat- og reiselivsentusiastar bør ta ein tur til Berlin i januar. Her får du ein større eller mindre smakebit av dei fleste landa i verda, både når det gjeld mat og drikke. 
  3. Noreg er eit ganske kult land! Kjem du til den norske standen får du oppleve ei inndeling mellom Oslo-området, Sørlandet og Nord-Noreg. Her finn du både småskalaprodusentar, spennande restaurantar, hotell og attraksjonar. Visste du for eksempel at Dyreparken i Kristiansand har eit mål om å distribuere 30% lokalmat i sine kantiner?    


Helsing kjøkkensjef Anette Lindskog Øverbø