Morgan Sulele Til Dyrsku'n 11.september

20. august 2016

I samband med
150-årsjubileet satsar Dyrsku’n ekstra stort på musikk og underhaldning –
spesielt tilbud retta mot borne-familiar. Årets program består av ei rekke borne-
og familievennlege aktivitetar, blant anna konsert med Noregs nye favoritt
Morgan Sulele.

Alle er kanskje ikkje like godt kjent med namnet, men dei fleste har nok høyrt hiten hans «Bare min» som vart den reine landeplage på norske radioar i fjor sommar. No er han eit av mange trekkplaster på Dyrsku’n sin familiedag, sundag 11. september. 

Magnus Clausen, som er hans opphavelege namn, opplevde braksuksess då han i 2015 ga ut årets sommarhit. Det siste året har han fortsett med å produsere nye låtar og er spesielt populær blant den yngre generasjonen. 

La deg rive med til allsong og publikumsfrieri. Morgan Suelele står på scenen sundag kl. 16.30