Møt landbruket

10. januar 2019

Bli kjent med landbruket på Husdyrhallen

Er du av dei som er interessera i landbruk og matproduksjon, og som ynskjer å vite meir? Eller er du bonde og vil kome i kontakt med fagpersonar og tillitsvalde under Dyrsku’n? Enten du tilhøyrer den eine eller andre gruppa er det verkeleg verdt å ta turen innom «Møt landbruket». 

«Møt landbruket» er ein arena der dei fleste av organisasjonane innanfor landbruket er til stades. Her finn du alt frå Tine og Felleskjøpet, til Bygdekvinnelaget og finansinstitusjonar for landbruket. Du vil møte ansatte med høg kompetanse på sine fagfelt, og du vil møte tillitsvalde på ulikt nivå innanfor organisasjonane. Du finn oss i den sentralt plassera Husdyrhallen. 

«Møt landbruket» arrangerer korte, og ikkje minst spennande foredrag, alle tre utstillingsdagane. Det kan du oppleve i foredragsteltet rett på utsida av Husdyrhallen. 

Hjarteleg velkomen til «Møt landbruket», 

- vi er mange som meir enn gjerne tek i mot deg!