NHO til Dyrskuplassen

mandag 18. april 2016

Med Kristin Skogen Lund i spissen, hadde hovudstyret og leiargruppa i NHO lagt inn eit besøk på Dyrskuplassen i Seljord.

I eit tettpakka program for turen, hadde NHO sitt fyrste stopp hos Telemark Teknologipark på Notodden, før dei sette kursen til Dyrsku'n. 

Dei engasjerte gjestene fekk på kort tid god kjennskap til både Dyrsku'n og Seljord, gjennom ein presentasjon av dagleg leiar i Dyrsku'n og ordførar Halfdan Haugan i Seljord kommune.

Mange spørsmål  vart stilt, og spennande tema debatterte. «Vi er glade og takksame for at NHO vel å komme til Seljord og Dyrskuplassen for å høyre om eit av Noregs mest unike og største arrangement. Det betyr mykje for oss», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen. 

Besøket vart avslutta med eit godt måltid på Storstogo før turen bar vidare til Vrådal der fleire programpostar ventar.