nortura og dyrsku'n inngår samarbeid

Kråkeroestaulen

28. juni 2016

Noregs største merkevarehus innan kjøt- og eggprodukt og landets største landbruksmesse er einige om eit strategisk og kommersielt samarbeid. Gledeleg for både forbrukar og bransje, meiner dei to store aktørane i norsk landbruk.

Det bondeeigde storkonsernet har vore til stades på Dyrsku’n i mange år. Nortura har óg ansvaret for dyretransporten til og frå marknaden som kvart år samlar kring 90 000 besøkande og meir enn 700 utstillarar. Dyrsku’n med sitt mangfald av besøkande er ein viktig arena for både bransje og forbrukar. Her går kunnskapsformidling, debatt og handel hand i hand, og her treff vi mange menneske på kort tid, seier marknadssjef Jon Tomassen i Nortura. 

På årets Dyrsku’n vil dei besøkande mellom anna møte eit stort Gilde får-i-kål telt. Vi er svært glade for eit samarbeid med Nortura, ikkje minst med tanke på deira fokus på mattryggleik. Saman skal vi jobbe for vidare fokus på norsk mat og den norske bonden, seier dagleg leiar i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen.