Nynorsk næringslivspris til Dyrsku'n

25. november 2016

Dyrsku'n har i dag motteke Nynorsk næringslivspris 2016 frå Noregs Mållag. Sjå grunngjevinga frå dei her!

Bilde: Leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn (t.v.) og Geir Helge Espedalen frå Dyrsku'n.


Noregs Mållag delte ut nynorsk næringslivspris fyrste gong i 2006, og årets prisvinnar er den åttande i rekkja som får denne heideren.


Og det året prisen har tiårsjubileum, har altså juryen funne fram til ein vinnar som også jubilerer. Prisvinnaren kan skilte med heile 150 år i marknaden – vi har ikkje undersøkt arkiva, men reknar med at i langt dei fleste av desse åra har vinnaren brukt nynorsk - i alle fall har nettsidene frå første stund vore på nynorsk.

Det kom inn mange nominasjonar frå lokallaga og enkeltpersonar, og juryen har hatt eit rikt og solid utval å velje mellom. Det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som arbeids- og marknadsføringsspråk – ei gledeleg utvikling som tyder at det slett ikkje er lettare å nå heilt til topps hos juryen no enn dei første åra.

Vinnaren i år er Dyrsku'n i Seljord!

Dette er ei svær messe i Telemark, i eit område der bokmålspresset kan vere ekstra sterkt. Dei dreg nærare 100 000 publikum, ikkje minst frå Austlandet. Alt skriftleg materiale, nettsider og skilting er på nynorsk. I haust var dei vertskap for 740 utstillarar og dei omset samla for rundt ½ milliard kroner og er sannsynlegvis den største nynorskmessa i heile verda. Juryen vil derfor understreke at påverknadskrafta Dyrsku’n har overfor dei andre bidragsytarane ved sjølv å marknadsføre seg og tilstellinga på nynorsk – ho femner breitt og ho femner mange.

Ikkje minst rommar Dyrsku’n fleire andre årlege tilstellingar som også blir omfamna av den nynorske overbygninga - og berre countryfestivalen og seljordfestivalen supplerer dei årlege besøkstala med godt over 40 000 personar. Vi håpar sjølvsagt at også desse tilstellingane skal ta nynorsken i bruk etter kvart.

Juryen har hatt ein personleg representant på festivalen no i 2016 og ser det som eit viktig signal at også ein hendingsarrangør kan få nynorsk næringslivspris og håpar at det kan inspirere andre som skipar såkalla "events" rundt i landet til å sjå at nynorsk er eit godt marknadsføringsspråk og ein god måte å profilere seg på.

Prisvinnaren får eit diplom og gratis marknadsføring på heimesida og i medlemsbladet til Noregs Mållag i heile 2017.

Vi ynskjer Dyrsku’n til lukke med Nynorsk næringslivspris 2016!