Olavs menn er klare for dyrsku'n

27. juni 2016

Telemarks eiga vikinggruppe er i haust klare for Dyrsku'n. I år kan du glede deg til sverdfekting, runeskriving og utstilling.

Det er ikkje berre handel og landbruk som fyller Dyrskuplassen i september. I år kan publikum, for fyrste gong, reise tusen år tilbake i tid, og bli kjend med eigne røter. Vikingane Olavs menn finn du på Dyrsku'n i år! Her kan publikum sjå på fektekamp mellom ekte vikingar, eller teste ut eigne ferdighetar med ufarlege sverd. I tillegg vil det vêre mogleg å lage eigne runer og delta på fleire aktivitetar.

Om Olavs menn

Olavs menn er Telemarks eiga vikinggruppe. Dei seglar vikingskip, driv hærkamp, held foredrag, er med på filminnspelingar og driv arbeid blant born og unge. No har dei sikra seg ein stand på Dyrsku'n. Olavs menn finn du på E-feltet, og er ein del av Dyrsku'n sitt bornekart. Les meir om aktiviteter for born her.