Tidlegare vinnarar beste stand

1966 Utstillar

torsdag 25. februar 2016

Kvart år kårar vi verdige vinnarar til Beste stand og Årets Matutstillar. Sjå oversikten her.

Juryen har kvart år mange verdige kandidatar å velje mellom, og må bruke god tid på å finne ut kven som fortener den gjeve prisen mest. 

Kriteria som ligg til grunn for å kåre Beste stand, er:

  • Funksjon/tilkomst
  • Korleis varene vert presentera
  • Korleis utstillar møter kunden
  • Om det er innbydande og ryddig
  • Til inspirasjon for publikum og andre utstillarar

Vinnaren for 2015 var Bruland Vev, og juryen ga denne grunngjevinga: «Bruland har ein enkel, men stilig stand, der ho får produkta sine godt fram. Standen er ikkje overfylt med varer, og produkta er innbydande. Sorteringa av varer etter fargespekter var spennande, og ein får lyst til å gå inn og sjå.»

Oversikt vinnarar Beste stand:

2015 Herborg Bruland Vev (vev, strikk)
2014 Seljord Varmeservice (omnar, varmepumper)
2013 Stena Recycling (resirkulering av metall)
2012 Kviteseid Rørhandel (detaljhandel VVS)
2011 Serra Norge (sagbruk)
2010 Haslestad Gummiservice (landbruksdekk, felg og kjetting)
2009 ScanPro (grillhytter, lysthus)
2007 Fyresdal kjøtteri (matprodukt)

2006 MESTA


Kjevla hjemmebakeri

Kåring av Årets Matprodukt får munnen til å løype i vatn blant jurymedlemmane, men følgjer desse kriteria: 

  • Produktet skal være basert på stadeigne råvarer og tradisjonar i kombinasjon med innovative grep
  • Det utvalde produktet skal ha marknadspotensial og miljø-messig bærekraft
  • Emballasjen skal spegle produktets innhald og historie utan å dominere
  • Smaken skal harmonere med innhald og gi meirverdi
  • Innovasjon og kreativitet honorerast

Grunngjevinga for vinnar av Årets Matprodukt 2015 finn du her.

Oversikt vinnarar Årets Matprodukt:

2015 Kjevla hjemmebakeri
2014 Stordalen Gardsbruk/Barbro Stordalen
2013 Eventyrsmak
2012 Smaken av Drangedal
2011 Lega Ost