På jakt etter nye utfordringar

lørdag 3. september 2016

Seljordbaserte Seljord Varmeservice aukar satsinga på nettbutikk og kundar utanfor Telemark. No søkjer selskapet samarbeidspartnarar for montering av peis , piper og bakeomnar. 

I samband med dette sett dei opp kurs for å sertifisere nye montørar. Selskapet har spennande tider i vente med stor stand på Dyrsku’n i byrjinga av september og ein omfattande satsing på nasjonal distribusjon av peis og varme! ”Det blir hektisk, men veldig moro”, fortel daglig leder og grunder Tarjei Skræi.

I samband med den nasjonale satsinga har Seljord Varme med Skræi i spissen etablert ei eiga kurssatsing for å sikre seg dei beste montørane som produktets sisteledd. ”Det er viktig både for kjøper og seljer, at monteringa av ny peis skjer av erfarne fagfolk”. Kurset, som arrangerast for fyrste gong i år har dyktige kurshaldarar med brei erfaring og god formidlingsevne. ”Ved å tilby dette kurset håpar vi å nå ut til handverkarar, snikkarar, murarar eller tømrarar som søkjer nye utfordringar og utvida kundegrunnlag. Målsettinga er at kurset kan utvikle eit tettare samarbeid mellom flinke fagfolk i lokalmiljøet.

Seljord Varmeservice har sidan etableringa i 2007 hatt ein formidabel vekst og etablerte i 2013 ei eigen nettbutikk med leveransar over hele landet. Sidan starten har selskapet hatt fokus på høg kvalitet og fagkunnskap blant tilsette med ein produktportefølje beståande av både eigne produkt og utvalde merkevarer. ”Vi veit vi har dei beste produkta på marknaden og eit fantastisk team av fagfolk i butikk – no skal vi forsikre kundane om at vi har den beste heilskapsopplevinga”, fortsett Skræi. Fagmiljøet som no byggast opp rundt montørar og peisspesialister skal framhevast på seljordvarme.no og vere tilgjengeleg for nysgjerrige besøkande og potensielle peiskjøparar. ”Gjennom åra har vi opparbeidd oss solid kompetanse på montering og utføring av eigne produkt både med eine tilsette og saman med nokre av bransjens mest kompetente fagfolk. Vi gler oss til å formidle dette vidare”, avsluttar Skræi.

Breitt kompetanseområde formidla av spesialister

Kursdeltakarane vil få inngåande kompetanse om montering av peisovn, stålpipe, peis med scamol/peisplater, samansetting og montering av vedfyra bakaromn, myndighetskrav og utføring av dokumentasjon. Kurshaldarar er peismeisteren Kjell Olav Espeland, murmeisteren Ivan Gåsodden og bakaromnmeisteren Mathias Uttecht.

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Tarjei Skræi, 35 08 41 00 eller tarjei@seljordvarme.no