nytt friluftsutstyr

1. september 2016

På Friluftsmagasinet sin stand G312 står kompetente friluftspesialistar klare til å hjelpe Dyrsku-gjestene med den optimale Dyrsku-handelen.

For andre året på rad er Friluftsmagasinet med som ein av våre samarbeidspartnarar. Med eit telt som strekk seg over 27 løpemeter på G-feltet kan Dyrsku-besøkande forvente eit mangfald av jakt, fiske- og friluftsutstyr, presentert av nokon av landets mest erfarne seljarar. ”Vi bruker eigen erfaring til å gje råd, og alle som jobbar hos oss under Dyrsku’n er sjølv aktive friluftsfolk”, forklarar dagleg leiar og eigar Fredrik Aaserud. Med seg til Seljord er óg to av landets mest populære leverandørar; Aclima og Garmin, som begge stiller med fagpersonell for å svare på spørsmål frå publikum. Friluftsmagasinet starter allereie måndag å rigge opp butikken som går over 240 kvadratmeter. Totalt xx containarar med klede, sko og utstyr er med frå hovudkontoret i Drammen. "Vi garanterer både gode tilbod og spennande nyheiter", avsluttar Fredrik. Her finn du fram til Friluftsmagasinet på Dyrsku’n! 

Sikre deg utstyr frå Friluftsmagasinet allereie nå!

Fram til Dyrsku’n opnar portane 9. september har du sjansen til å sikre deg nokre av Friluftsmagasinets mest populære produkt. Alle som kjøper Dyrsku-nettbilletten på førehand er nemlig med i trekninga av ein Dovrefjell Pro Lavvo, ein Dovrefjell Veiviser friluftsdress og ein Dovrefjell Jeger’n jaktdress. Dovrefjell er Magasinets eige varemerke og er særmerkt som best mogleg kvalitet til best molig pris. Produkta er designa og testa for jakt, fiske og friluftsliv. 

Friluftsmagasinet som har hovudkontor i Drammen, har i tillegg utsalsstader i Trondheim og Hamar, i tillegg til ein døgnopen nettbutikk.

Annonse