Jubileumskaka er Rabarbradraum

4. september 2016

Spar plass i magen - Jubileumskaka Rabarbradraum er å få kjøpt på årets Dyrsku!

Tidlegare i år utlyste Dyrsku’n ei tevling der privatpersonar og bedrifter kunne nominere si kakeoppskrift for å bli med i konkurransen om å lage Dyrsku’n si eiga jubileumskake. Ein jury med seks fagpersoner vurderte bidraga etter både smak, utsjånad og konsistens. Til slutt var det "Rabarbradraum" frå Klingeling ved Gunn Marit Krogsrud som vart ståande att som vinnar!

Gunn Marit Krogsrud etablerte Klingeling i 2008 og har spesialisert seg på kling, men bakar både brød og flatbrød til stor suksess i sitt bakeri i Porsgrunn. Bakaren frå Øyfjell har basert klingoppskrifta frå bestemor si som var født og oppvaksen på Sudgarden i Langlim. Til Dyrsku’n kan publikum vente seg noko anna. 

Juryens grunngjeving i april var at «Rabarbradraum er ei smakfull hasselnøtt-terte med friskt rabarbrafyll. Smaken balanserer søt og syrleg på ein utmerkt måte. Vi ser at kaka kan ha fleire bruksområde. Kaka kan serverast som porsjonskake på Dyrsku’n, passer fint som kake på møte, og kan òg egne seg veldig godt som dessertkake saman med telemarkis. Prosessen vidare er å jobbe meir med design og emballasje». 

Rabarbradraum kan kjøpast på Storstogo servering, hovudmatutsalet, Stuten kafè , scenekafèen og på Klingeling sin eigen stand i matteltet