Sondre Justad til Dyrskun

20. august 2016

Årets program famnar breiare enn nokon gong. No er den populære musikaren Sondre Justad stadfesta til årets Dyrsku-opning.

Sidan 2014 har Sondre Justads låtar blitt allemannseie. Kven har vel ikkje hørt "Nu har du mæ" eller "Det e over" de siste årene. 

Justad som opphaveleg er frå Lofoten ga ut sitt fyrste album i 2015, og "Riv i hjertet" hausta gode kritikkar frå både Aftenposten, Dagsavisen og Dagbladet. Til Spellemannsprisen 2015 var han nominert i heile tre klassar; Årets Pop-solist, Årets album og Årets nykommar.  

Spør man Justad sjølv har han vært musikar sidan han vart født, og familien har i alle år måtte fylgje med på konsertar og teaterframsyningar i stova. Som 13-åring reiste han til Oslo for å ta songtimer hos Jan Teigen, og i 2014 flytta han til Oslo for å satse. Sidan han ga ut sin fyrste låt har både publikum og kritikarane trykka han til sine bryst, og det er difor ei glede å ynskje han velkommen til Dyrsku’n. 

Fredag kan du oppleve låtane hans når han står på scenen i samband med Dyrsku’n sin jubileumsopning på Fjoset fredag frå kl. 19.30