Sporten Seljord med jubileumskolleksjon

torsdag 8. september 2016

I samband med eige 10-årsjubileum og Dyrsku'n sitt 150-årsjubileum har Sporten Seljord lansert ein heilt ny kleskolleksjon. Namnet er henta frå ein av Seljords høgaste toppar; Bjørgenuten.

For anledninga har Sporten Seljord utvida størrelsen på eigen stand. Totalt 300 kvm med sportsutstyr, klede og tilbod er no rigga opp på stand A502 ved Fjoset. Den store nyheita er likevel kolleksjonen Bjørgenuten. Oppkalla etter ein av Seljords mange toppar har ein heilt ny kleskolleksjon funne vegen til Dyrsku’n.

Kolleksjon for born og vaksne
Strikkefleecejakker og softshellbukser til både born, vaksne, damer og herrar. Her kan Dyrsku-gjestene med stolthet bære det nye merket på brystet. Og om det var nokon tvil, det blir ein eksklusiv kolleksjon!

Om Bjørgenuten-kolleksjonen
Born 
Bukser: 2 - 14 år
Jakke: 6 - 14 år
Farge: rosa, blå, grå 

Dame: 
Bukse  36 - 46 
Jakke 34 - 46 
Farge: rosa, grå 

Mann: 
Bukse: s - Xl
Jakke: x - XXXl 
Farge: blå, grå

Om Bjørgenuten
Bjørgenuten ligg på venstre sida av Seljordsvatnet når ein køyrer mot Bø. Det er ein av Seljords høgaste toppar, og når ein kjem opp, får ein utsikt over både Seljord, Seljordsvatnet og Flatdal.

Velkomen til Stand A501!