Stolte norske hestar på Dyrsku'n

23. august 2016

Å vise hest på utstilling er ein gamal norsk tradisjon. Den haldast i hevd i tidsriktige omgjevnader under Dyrsku'n. I år kan du få oppleve nokre av dei aller beste hestane innan si rase. Under 150-årsjubileet vil høgt premierte hestar av dei nasjonale rasene vise kva dei kan under oppvisinga som foregår i tilknyting til hoppeutstillinga på laurdag. Møt opp i Fjoset!

Den særs populære avlshingsten Moe Odin har betjent hoppene med base i Rogaland denne sesongen. Moe Odin er ein av dei beste kaldblodstraverane Noreg har fostra. Med sine 10 millionar i innkøyrte pengar på travbanen har den svarte hingsten vist seg som ein hest heilt utanom det vanlige. I tillegg har han vist seg å vere ein eksepsjonell hingst i avlen, kor han er utnemnt til Elitehingst for sine bragder . Men under Dyrsku'n skal vi få sjå at han også egner seg under ein sal. For i heile sommar har dressurryttar Kristin Utbjoa Nedrebø trent ham jamnleg, og på laurdag får vi sjå kva han kan. 19 år har han blive, men fremdeles likar han svært godt å vise seg fram, og med sitt karakteristiske, ballettaktige trav har vi noko å glede oss til.

Frå Gudbrandsdalen har vi henta to dølahestar- begge eigna for dei store anledningar. Dei to svarte hoppene Bjonfrida og Mie går gjerne saman i par, og trekk på ei stasvogn - og dei vert kuska av Olaf Nyby. Olaf er av landets mest erfarne kuskar og ein mykje bruka køyreinstruktør. Ekvipasjen vil vise eit kjørenummer med musikk. Både Mia og Bjonfrida har vist seg fram på utstilling - og Bjonfrida har til og med oppnådd kvit sløyfe - med andre ord ein 1. premie.

Elstad Blesen kjem frå landets største oppdrettar av dølahestar, nemleg Stein Benstuen på Eidsvoll. Akkurat Elstad Blesen er ein hest som har betydd ekstra mykje for Stein. Mange avlshingstar har kome frå denne garden, men Elstad Blesen oppnådde 1. premie på utstillinga på Stav tidlegere i år.  Det var eit stort augneblink som Stein vil fortelje om på Dyrsku’n.

Den minste av dei nasjonale hesterasane våre er nordlandshest/lyngshest. Hans Bauer rir på det norske landslaget i feltritt. Då sonen Hans Oliver skulle få prøve seg i sporten trudde nok mange at familien ville finne ein passande sportsponni. I staden fall valet på Tord, ein no 15 år gamal nordlandshest/lyngshest. Hans Oliver på 10 startar no i knøttecup i feltritt med Tord, noko begge synast er kjempemoro. Lurer du på kva feltritt går ut på? Møt opp på Dyrsku’n laurdag formiddag, så vil Tord og Hans Oliver vise deg! Der får du òg sjå representantar for fjordhesten- rasen som er like kjent i mange andre land som i opphavslandet Norge. Vi håpar å få med oss nokre av hestane som representerte Noreg under EM for fjordhest som gjekk føre seg i Danmark i august.


Laurdag 10.september 

13.00 
Hesteoppvisning i "Fjoset"
09.-13.00 
Hoppeutstilling 

15.30
Premiering hoppeutstilling

Sundag 11.september

09.00-11.00
Unghestutstilling

12.30
Premiering unghestutstilling