Storslagen opning på jubileumsfredagen

Hellbillies

fredag 4. mars 2016

Dyrsku'n fyller 150 år i 2016. Det skal feirast med ei storslagen festframsyning og Hellbillies-konsert kvelden 9. september!

Fredag 9. september kl. 19.30 blir publikum invitert til offisiell opning av Dyrsku’n sitt 150- årsjubileum. I samband med jubileumsfeiringa har handels- og landbruksmessa for fyrste gong flytt den offisielle opninga frå dagtid til kveld. Det er duka for folkefest på Dyrskuplassen! 

Moderne festframsyning i tradisjonelle omgjevnader
Framsyninga vil bli leia av vinbyggen Aasmund Nordstoga, og skal innleiast på tradisjonelt vis med inntog av Telemarksfeparaden. Framfor tusenvis av besøkande skal lokale, regionale og nasjonale artistar formidle humor, historie, musikk, dans og kultur. 

Jubileet skal trekke fram tradisjonar og historier som strekk seg frå 1866 til 2016, alt presentera i ei moderne ramme. Dyrsku'n er ein institusjon og ein folkefest som famnar både store og små. «Me skal feire eit arrangement som gjennom 150 år har utvikla seg til å bli ein nasjonal arena for debatt og kunnskapsformidling, landets største mat- og landbruksmesse og ein folkefest av dimensjonar! Det gler me oss til å gjere saman med alle våre utstillarar, samarbeidspartnarar og vårt trufaste publikum!», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Opningsshowet vil òg bli sendt på storskjermar inne på Dyrskuplassen, som for anledninga vil ha utvida opningstider fram til kl. 22.00 fredagskvelden. «Det vil såleis vere moglegheit til å feire jubileet ute på plassen, med å handle og køyre karusellar heile kvelden», forklarar Espedalen. 


Hellbillies avsluttar showet

Jubileumskvelden blir avslutta når eit av landets fremste og mest populære konsertband – Hellbillies – går på scenen. Bandet som blei stifta i 1990, har selt utrulege 840 000 album og gjeve fansen over 1600 konsertar rundt om i Noreg.  Deira siste album, LEVANDE LIVe frå 2014, er det 14. i rekka. 


Jubileumsåret 2016

Sidan 1866 har det blitt arrangert Dyrskue i Seljord. Det som starta som eit fesjå er i dag landets største handels- og landbruksmesse, med opp mot 90 000 besøkande fordelt over tre dagar. Godt over fem millionar besøkande har gjennom 150 år blitt inspirert av telemarkskyr, innovative utstillarar og handelsmenn, kulturopplevingar og ny teknologi. 

Når møteplassen i år feirar jubileum er det med forventningar om publikumsrekord, unike opplevingar og gode handelstilbod. Jubileumsprogrammet elles inkluderer eit sterkt matfagleg program, samt nye arenaer for debatt og kunnskapsformidling. Nasjonale politikarar og partileiarar er invitert, mellom anna har både Jonas Gahr Støre, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og partileiar Trygve Slagsvold Vedum takka ja til å delta på feiringa.  

Programmet blir i sin heilskap lansert i løpet av våren. 

Billettsalet har opna, årets opningsprogram og konsert blir ein del av den ordinære fredagsbilletten, og er open for alle aldrar. 

Sjå Nordstoga sin noko utradisjonelle introduksjon til kvelden her!


Dyrsku'n 2016 blir arrangera 9. – 11. september - det er berre å sette av datoen! 

Me møtast på Dyrsku'n!