Tivoliets nye attraksjon, Dragon Nest

Dragon Nest_Lunds Tivoli

22. februar 2016

Saken er eit tilbakeblikk frå Dyrsku'n 2015.

Vi har blitt med å teste tivoliets nye attraksjon! Høyr kva Martine og Airin hadde å melde om 2015 sin nyheit, Dragon Nest!

«Vi gruar oss ikkje», seier dei to råtøffe 16-åringene rett før det er deira tur til å entre den luftige attraksjonen. Dragon Nest er det nyaste tilskotet på Lunds Tivoli, og er ei huske som går rundt og rundt høgt til vêrs. For dei med høgdeskrekk kan det sjå ut som ei avskrekkande oppleving, men for våre to prøvekaninar er dette ingen sak. 

Martine Jønholt og Airin Thodesen har begge vore på Dyrsku’n mange gonger tidlegare, og liker tivoliet godt. Dei har aldri prøva Dragon Nest før, men meiner dette ikkje er den heftigaste attraksjonen på tivoliet. Dei er derfor rolege før dei går til køen. I fylgje Lunds Tivoli er denne attraksjonen den fyrste i verda i sitt slag, og ein attraksjon som tek deg til nye høgder, meir presist 40 meter over bakken. 

Våre testpilotar gjer seg klare og set seg på det som skal førestille drage-rakkerungar. 

Karusellen heiser deltakarane nærare 20 meter over bakken, før den begynner å gå i ring. Deretter heisast dei ytterlegare 20 meter over bakken, og nokon begynner å skrike; som seg hør og bør på tivoli. 

Martine og Airin_Dragon Nest

Glade for opphaldsvêr

Vel nede på bakken att møter vi Martine og Airin. 

- Korleis var turen? 

- Det var moro! Ikkje så veldig skummelt. Men det var veldig fin utsikt over Dyrskuplassen! 

Heldigvis for våre testpilotar var det opphaldsvêr da dei var med i Dragon Nest. 

- Vi er veldig glade for at det ikkje regna. Da hadde det blitt kaldt heilt der oppe! 

De fortel vidare at dei ikkje tenker å ta den ein gong til. Det heldt med den eine gangen, for de føretrekker ein attraksjon med litt meir fart. Men for alle som ynsker ein fin tur, og eit godt overblikk over Dyrskuplassen, kan Martine og Airin anbefale ein tur med Dragon Nest. 

Vi tek deira råd og utfordrar alle til å prøve!