Utstillaroversikt 2016

Oversikt Dyrsku'n 2014

13. mai 2016

Dagen vi alle har venta på er her. Utstillarane til jubileumsåret er på plass!

I heile april og mai har utstillarkontoret jobba med å vurdere, plassere og justere på årets søkarar. Det har kome inn søknadar frå heile landet til jubileumsåret, med mange nye utstillarar som alle står for høg kvalitet og eit stort mangfald. Med det utvida J-feltet har vi fått plass til enda fleir små og store aktørar, som no er klare for Dyrsku’n 9. - 11. september!

Som alltid har vi et breitt utval av utstillarar på messa, med produkt innanfor alt frå klokkar til landbruksrobotar, lokalmat og sportsbilar. Vi har samla saman årets utstillarar i ein oversikt du kan laste ned her. I tillegg er vårt utstillarsøk opna, der du kan leite fram din favorittutstillar. 

Har du sett årets Dyrsku-kart...

Det kan vere vanskeleg å orientere seg på plassen, som for første gong fyller heile 170 mål. Vi har delt inn området i 10 ulike felt, frå A til J. Dette for at våre gjester skal få ein best mogleg oppleving av å vere tilstade på Dyrsku’n. Dersom du ynskjer meir informasjon om dei ulike segmenta kan du lese her, eller klikke på feltet. 

Sjå kartet for årets Dyrsku her!

  • A: Matlyst 
  • B/C: Landbruk
  • D/E: Øvrig Handel
  • F: Tivoli 
  • G: Øvrig handel 
  • H:Husflid 
  • I: Anlegg 
  • J: Bil/utstyr 

I tillegg har vi sjølvsagt eit stort område for husdyr: både Fjoset, Husdyrhallen og Ridebanen fylles med meir eller mindre kjente husdyr.