Vårens vakraste eventyr

Brit Kristin og årets første lam

lørdag 30. april 2016

Dei fleste har sine eigne tankar om kva som er vårens vakraste eventyr. For årets brudepar er det lamminga på garden som er høgdepunktet.

Innimellom førebuingar til bryllaup på Dyrsku'n i haust, har dei ein gard å skjøtte. Som sauebønder er våren ei hektisk tid, der alle i familien må vere med og bidra. Og brureparet har heldigvis ivrige hjelparar i Olina og Johannes! Som born på gard lærar dei naturleg nok alle sider ved livet å kjenne, både på godt og på vondt. Familien på 4 har teke seg tid til å sende ein liten statusrapport på kva som opptek dei om dagane: 

Årets brudepar i kopplamminga
Årets brurepar midt i kopplamminga
 
         Oline har stålkontroll på lamma
Olina har ei stri tørn med å passe på at lamma held seg der dei skal vere..

Olina jordmor
Olina tek i mot sitt fyrste lam

   Vidar og Johannes
Guttaboys køyrer møkk - bondens gull! 

 
Vidar jordfar
Vidar er ein flott jordfar! 

   Brit Kristin luktar sau
Brit Kristin luktar sau, seier ho... 

 
Eit lam hadde skada halen sin. Då måtte det fyrstehjelp til. Det er eit variert yrke å vere bonde; mekaniker i det eine augneblinket, og sjukepleiar i det neste.
   Lam med plastra hale
Halen er vaska og plastra. No ser den heilt fin ut!