Velkomen til bornas Dyrsku 2016

19. mai 2016

Sundag er tradisjonen tru den store familiedagen på Dyrsku'n, men gjennom heile helga kan både store og små born glede seg over underhaldning, konkurransar og leikar. No er programmet klart!

Dei fleste har nok fått med seg Lunds tivoli som er sentralt plassera på Dyrskuplassen gjennom Dyrsku-helga. Færre veit om den bredda av aktivitetar som er tilrettelagt for born og unge på handels- og landbruksmessa i september. Dei siste åra har målgruppa vore eit sterkt fokusområde for marknaden, og kvart år utarbeidas det eit eige Dyrsku-kart tilpassa borna. Til stor suksess! Aktivitetane har ei bredde som skal gje det unge publikummet den optimale Dyrsku-opplevinga; Kunnskapsformidling, inspirasjon, sosiale møter og underhaldning.

Sundag er i tradisjonen tru den store familiedagen på messa, og i tillegg til det tradisjonelle tivoliet, kan gjestene blant anna glede seg til konsertar med den norske popartisten Morgan Sulele, Mathea Mari fra MGP Jr., og buktalaren Erik Mogeno. Den unge Oslo-guten Sulele har på kort tid blitt ein av landets mest populære artistar med over 12 millioner visningar av sommerhiten ”Bare Min”. 

I tillegg til musikk og underhaldning kan dei yngste Dyrsku-gjestane sjå frem til Vikingcamp med aktivitetar og oppvising gjennom heile helga. Dyrsku'n skal vere ein arena for læring og norske tradisjoner, og Vikingcamp er ein morosam måte å aktivisere dei yngste på. I tillegg blir campen lagt på eit område der arkeologiske funn syner at det faktisk har bodd ekte vikingar her! 

Årets borne-aktivitetar er: (Oppdateras fortløpande)

  • Konsert med Morgan Sulele
  • Konsert med Mathea Mari 
  • Erik Mogeno
  • Bornepark for born mellom 2- 8 år
  • Ponniriding
  • Smoothiesykkel
  • Vikingcamp! Oppvising og aktivitetar 
  • Smiing, mjølking av geiter, halmbinding, tinnstøyping, pussing og stell av Fjordhest
  • Ulike mataktivitetar
  • Bokstavjakt med Pon Equipment
  • Lafting av småhus
  • Tredreieverkstad
  • Ull- og spikkeverkstad
  • Lunds tivoli
  • Klatreparken Høyt og Lavt
  • Dyreutstillingar
  • Hesteoppvising
  • Politimester Bastian