Velkomen til sol og familiedag

11. september 2016

Ein litt blaut laurdag til trass, tok heile 33 000 turen til Dyrskuplassen i går. I dag er det tid for familiedag! 

På jubileets siste dag badar Dyrskuplassen i sol. Det er klart for familiedag! 

I tillegg til handel, smaking av mange godsaker og klapping av dyr, kan dei yngste i dag glede seg til blant anna konsert med Morgan Sulele og Mathea-Mari, show med Erik Mogeno og eit møte med Politimester Bastian. Klokka 15.30 er det namnefest for Dyrsku-kalven. 

Totalt 20 aktivitetar for born og unge står i dag på plakaten! 

For dei vaksne er det framleis 740 utstillarar, eit breitt program hos "Møt landbruket", ei framsyning av jubileumsspelet "Fødd på Dyrsku´n" og mykje meir. 

Velkomen til Dyrsku'n!