Velkomen til fredagsdyrsku og jubileum

9. september 2016

Alt klokka 09.00 var publikum klare for å besøke Dyrskuplassen og årets 740 utstillarar. Jubileums-Dyrsku'n er i gang! 

"Når Dyrsku'n fyller 150 år er det ein spennande og interessant historie som ligg bak. Ei historie om ein møteplass som gjennom alle desse åra har vore ein kunnskapsarena, handelsplass og kulturformidlar." Dette er opningsorda til styreleiar Aslak Snarteland i årets Dyrskuavis, og vi stiller oss alle bak desse orda. Når portane no er opna til det 151. dyrskuet er vi stolte og audmjuke når vi ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Ein dag for historiebøkene 

Fredag 9. september 2016 kan på mange måtar reknast som ein historisk dag i Dyrsku'n sitt lange liv. Årets dyrsku har rekordmange utstillarar og det største arealet med messeplass sidan oppstarten i 1866. I tillegg er vi oppover øyra stolte over programmet heile helga. Størst forventning er det kanskje knytt til nokre av gjestene våre; H.K.H Kronprins Haakon og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit har meldt sin ankomst til Dyrskuplassen i 17-tida, og Gunhild Stordalen har invitert nokre av landets fremste politikarar til dialog og debatt kl. 14.30. Vi ynskjer samtidig å invitere alle til jubileumsframsyning kl. 19.25 i Fjoset. Ei framsyning som kombinerer kultur og tradisjon, musikalske og humoristiske innslag. Ei framsyning du ikkje vil gå glipp av.Her har vi oppsummert nokre av høgdepunkta, men vi håpar du har tid til å lese gjennom heile programmet - anten i den nye appen vår, på heimesidene eller i trykt program på plassen og i dyrskuavisa. 

Fem programpostar du må få med deg: 

  • Jubileumsframsyning på Fjoset med blant anna opningstale frå H.K.H Kronprins Haakon, Sondre Justad, Aasmund Nordstoga, Villniss og Gunhild Sundli kl. 19.25 
  • EAT på Dyrsku'n "Sunn, trygg og nok mat, bærekraftig produsert og sosialt fordelt" kl. 14.30 i Fjoset
  • Særutstillinga "Klede av skinn frå Telemarksfe" av Bine Melby i Hall B
  • Konsert med Hellbillies kl. 21.00 på Fjoset
  • Auksjon av kjøttfe med auksjonarius Håkon Marius Kvæken kl. 13.30 på Ridebanen
I tillegg oppmodar vi alle til å bli kjent med årets utstillarar som er her for å tilby deg den beste Dyrsku-handelen!

Velkomen til Dyrsku'n 2016