Akevitten frå villmarka

Svein Jæger Hansen med sin "Villmarksakevitt"

lørdag 9. september 2017

Villmarksakevitten til Svein Jæger Hansen er inspirert av jaktturar i nordnorsk villmark.

Bilde: Dyrskukokk Svein Jæger Hansen presenterte sin villmarksakevitt i ølteltet laurdag.

Akevitten fall i smak hos dei som som møtte opp til akevittsmaking i ølteltet laurdag. Den milde smaken av kongsgras som pregar drikken, var tydeleg leskande god i smakarane sine ganer.

12 000 flasker Villmarksakevitt er produsert og fordelt ut på 29 Vinmonopol. Kongsgras er plukka i Helgeland, i Polarsirkelsona, lagt på sprit i ei veke, for så å bli sila av. Dette konsentratet blir tilsett akevitten, saman med einerber, rosenrot, villkarve og gran. Ikkje rart den lekre flaska ber namnet Villmarksakevitt.

"Det er mange damer som likar akevitt i staden for brunt brennevin", forklarte  Svein Jæger Hansen under akevittsmakinga.

Elevane ved Seljord vidaregåande skule hadde lage fine, lokale smaksrettar av kjøt og fisk som passa til akevitt. Øl frå dei gode gardsbryggeria var også sjølvsagt med.