Alfred er Årets Grautgrams

Alfred Kristiansen vart kåra som Årets Grautgrams!

9. september 2017

For andre året på rad blei NM i grautkoking arrangert på Dyrsku'n.

Årets Grautgrams 2017 er ein ekte grautkokar som både kan lage god kvardagsgraut og vere nyskapande med rot i lokale tradisjonar.

I år var 13 ivrige grautkokarar med på noregsmeisterskapen laurdag. Deltakarane fekk tretti minuttar på å lage to forskjellige grautar, og publikum kunne heile tida fylgje med på prosessane.Deltakarar konkurrerte om å lage den beste grauten i fire kategoriar: tradisjonell graut koka med vatn, tradisjonell graut koka med mjølk, festgraut og nyskapande graut. Og sjølvsagt om heiderstittelen, årets grautgrams.

Grautgrams er eit gamalt ord som beskriv ein person som er svært glad i graut, og som meir enn gjerne et mykje graut. I tillegg blir ordet bruka for å heidre den som gjer mykje av noko.

Fagjuryen i år har vore dagleg leiar i Baker- og konditorbransjen Landsforening, Gunnar Bakke, Frode Kristensen frå Matmerk og Jorid Vale, museumsbestyrar ved Evju bygdetun i Sauherad. Etter endt grautkoking kunne dommarane avsløre kven som gjekk av med sigeren.

Her på Dyrsku'n i NM grautkoking har årets Grautgrams gjort seg tittelen verdig ved å kombinere fleire norske landbruksprodukt som mjøl og mjølk i kombinasjon med frukt og bær.

Eit samstemt dommarlaug utnemner med dette Alfred Kristiansen til årets Grautgrams 2017.

"Årets Grautgrams er ein ekte grautkokar som både kan laga ein god kvardagsgraut og vere nyskapande med røtene i lokale tradisjonar", sa Vale under utdelinga.

Kategori vinnar på  kvardagsgraut koka på vatn blei  Åsbjørg Moland. Ekte vassgraut slik vassgraut skal vera, balansert passe forhold mellom mjøl og vatn, svella og koka godt, passe salt.

Kategorivinnar  på kvardagsgraut koka med mjølk og nyskapande graut blei Alfred Kristiansen

Kvardagsgraut koka med mjølk. God tyggemotstand, god konsistens, smaker og dufter godt, god og tradisjonell.

Nyskapande graut. Nydeleg og nyskapande komposisjon, alt kan etast, inkludert grautkoppen som grauten serverast i. Gode smakar, fargerikt, alle årstider inkludert. Graut-tapas ein nyskapar som egnar seg både kald og varm.

Kategorivinnar tradisjonell festgraut blei Oddgeir Stamnestrø Grytedal. Tradisjonell graut i fleire regionar. Fargen og smaken er eit syn for auge og ei oppleving for ganen. Flott komponert og godt tilbereidd  graut. Salt, syrleg, nøytralt balansert, lokal og kortreist. "Det var fest hjå dommarpanelelet då vi åt den", skrytte Bakke.

Alfred Kristiansen vann NM i graut 2017

Bilde: Alfred Kristiansen imponerte fagjuryen med sine grautkokekunster, og vann tittelen Årets Grautgrams 2017. Her i samtale med konferansier Linda Roalstad midt under konkurransen.

Desse deltok i NM i grautkoking 2017

Solveig Linge Stakkestad

Mia Therese Sollihaug

Heidi Hemstad

Lars Petter Olsen

Kari Moen

Mads Erling Pedersen

Alfred Kristiansen

Bjarne Karlsen

Anne Karin Haugen

Oddgeir Stamnestrø Grytedal

Nanfrid Ranheim Røysland

Åsbjørg Moland

Tamara Kuklina