søndag 27. august 2017
Til dagleg er Svein Jæger Hansen kjøkkensjef på Scandic Meyergården Hotell i Mo i Rana, men i september finn du han på Dyrsku'n.
Foto: Svein Jæger Hansen
Hans lidenskap til lokalmat og vilt, har det siste året utmerka Jæger Hansen til årets Reinsdyrkokk, Viltgrillkokk i ViMenn og Villmarkskokken i Villmarksliv.
Han gler seg stort til å vere med å spreie matglede og kjærleik og få fortelja om Villmarksakevitten, med Dyrsku'n sine lokalmatleverandørar.
Svein vil saman med Bondelagskokken Nils Henning Nesje og elevar frå kokkelinja på Vest-Telemark Vidaregåande skule avd. Seljord trylle fram smakfulle rettar av produkt frå lokalmat-utstillarane du finn på Dyrsku'n.
Program i Lokalmat-teltet:
Fredag
kl. 10-13.00 |
Dømming i delfinalen for Det Norske Måltid |
kl. 11.30 |
Årets reinskokk Svein Jæger Hansen og forfattaren bak "Den store kjøttboka" Andreas Viestad kokkelerer med norske grønsaker |
kl. 13.00 |
Stemningsrapport frå dømminga av Årets det grønne, foredla og Årets bakst i den nasjonale delfinalen i Det Norske Måltid |
kl. 15.30 |
Geir Skeie - Bocuse d'Or 2009 lager ein rett frå si siste kokebok "Grøntboka, mine beste tilbehør". Boksignering |
kl. 17.00 |
Landbruks- og matministeren møter lokalmatprodusentar og årets Dyrskukokk |
Laurdag
kl. 11.30 |
Årets gjesteutstillar Hoppestad gård inspirerer med spirer og grønt |
kl. 13.00 |
Vinnar av årets Dyrsku-produkt presenterer sitt vinnarprodukt |
kl. 15.00 |
Bondelagskokken Nils Henning Nesje fortel om eigne erfaringar om mat og reiseliv, og norsk mat-turisme |
kl. 16.30 |
Kokkeyrket-korleis leve og lykkast som kokk? Samtale mellom Erik Strøm Lillebø, kokk og drivar av bl.a. Vaaghals i Oslo, og ein representant frå kokkelinja i Seljord |
kl. 17.30 |
Årets Grautgrams, vinnaren av NM i graut, presenterer vinnargrauten sin |
Sundag
Heile dagen |
Dagens tema; Grønsaker. Kokk Svein Jøger Hansen kjem med tips om korleis bruke meir grønsaker i kvardagen |
|
Demonstrasjonar og aktivitetar med frukt og grønt |
kl. 13.00 |
Grønsaksshow for born - lær og leik med grønt! |
