Årets gjesteutstillar i Matlyst

Grønsaksspirer frå Hoppestad Gård

4. mai 2017

Møt årets gjesteutstillar i Matkvartalet; Hoppestad gård med sine økologiske superspirer.

Hoppestad Gård ligg rett utanfor Skien i Telemark, og familien har dyrka grønsaker gjennom mange generasjonar. For nokre år sidan slutta dei med dyr for å konsentrere seg om det dei lika best; å dyrke grønsaker. Dei er heile tida på utkikk etter innovative løysingar for å nytte jorda på best mogleg måte, og er ein ansvarleg og nysgjerrig bedrift med langsiktige perspektiv for produksjonsarealet sitt. Medarbeidarane kjem frå heile verda og er med på å gje produksjonen eit spennande, utviklande og morosamt miljø. 

Til Dyrsku'n kjem dei med sine grønsakspirer. Ei spire er ei miniatyrplante som ville utvikla seg til fullvaksne grønsaker dersom dei hadde fått spire seg ferdig. Spirene er fulle av enzym, hormon, biokjemikal og oksygen. Alle stoffa døyr ved varmebehandling over 42 C, og derfor er det viktig å bruke spirene ferske eller som topping på varm mat. 

Dei blir dyrka fram med luft, vatn og lys og hausta når dei har den aller beste kvaliteten og er proppfulle av næring. Deretter blir dei vaska, pakka og kjøla ned før dei er klare for å bli sendt ut i butikkane rundt deg. 

Brokkolispirer har ein mild smak av brokkoli. Brokkoli er ein grønsak som vart produsera allereie i romertida, og har med sitt høge næringsinnhald blitt eit populært innslag i matlaging over heile Europa. 

Reddikspirer har ein spiss og spicy smak. Dei er laga av daikonfrø, som er ein type reddik som er svært populær i Japan. Dei har eit nært slektsskap med dei meir velkjente runde, raude reddiken vi kjenner best til i Noreg, men har ein sterkare smak. Desse spirene inneheld meir enn 29 gonger meir C-vitamin og 4 gonger meir A-vitamin enn mjølk. Dryss dei over sushien eller osten, det er ein fantastisk kombinasjon! 

Kløverspirer kjem frå ei plante i erteblomstfamilien, og planter i denne familien bind nitrogen frå lufta. Deretter deler den nitrogenet med plantene som veks rundt seg. Nitrogen er det næringsstoffet planter treng mest av for å vekse, og kløver er derfor heilt uunnverleg i det naturlege kretsløpet. 
Reddikspirer frå Hoppestad Gård

Spirene passer på ost, salat, sandwich, tapas, tacos, fisk, kjøtt, wok, suppe og sauser. Ta med deg grønsaksspirer heim frå Matlyst Dyrsku'n og prøv deg fram til din favoritt!


Hoppestad Gård