Meld deg på NM i graut 2017

Frokostgrøt

16. mars 2017

Graut er sunt og godt, tradisjonelt og nytt. Graut er blitt «in», og vi feirar grauten ved å arrangere det einaste Noregsmeisterskapet i graut på Dyrsku'n i Seljord laurdag 9. september 2017!

Graut kokt på Noregs tradisjonelle kornsortar, bygg og havre, har synt seg å vere ernæringsmessig veldig bra. Graut smakar også veldig godt koka med kjærleik og varme.

Dyrsku'n ønskjer å samle folk som liker graut; smaken, fellesskapet, tradisjonar og det å eksperimentere med nye smaker. Bli med du også! Sving grautsleiva og kok graut med oss på Dyrsku'n.

Graut er tradisjonsrikt, kvardagsleg og mangfaldig. På Dyrsku’n vert det konkurrera i to kategoriar: kvardagsgraut kokt på vatn eller kokt på mjølk, eller i kategoriane for tradisjonell festgraut og nyskapande graut der det er opent for kreativitet og utforsking.

Noregsmeisteren i graut blir utropt til ÅRETS GRAUTGRAMS 2017, vinn heider og ære og meisterskapens ærerike grautspann. Kanskje det blir deg? 

MELD DEG PÅ TIL ÅRETS NM I GRAUT HER innan 10. august 2017