Årets særutstilling

Særutstilling på Dyrsku'n - ein kubbe til å stole på

5. mars 2017

Til Husflidsutstillinga på Dyrsku'n inviterer vi kvart år enten ein særskild handverkar som har utmerka seg innan moderne eller tradisjonell husflid, eller ei gruppe handverkarar som set fokus på utvalde områder.


Årets særutstilling, «Ein kubbe til å stole på», syner eit utval kubbestolar som gjev eit historisk perspektiv, samt stolar frå vår samtid. Samtidig får vi sjå idear til korleis vi kan ta denne flotte tradisjonen med oss inn i framtida. 

Blant stolane er designstolen Eva, som vart laga for Juvet Landskapshotell av designerduoen Anderssen og Voll i 2010, og produsera av L.K. Hjelle Møbelfabrikk AS. Dei vart inspirera frå hotellets omgjevnader og den urnorske kubbestolen, som sidan vann den Norske Møbeldesigneres pris for Årets Norske Møbeldesign, og har hatt stor internasjonal suksess.  

Ynskjet vårt er å stimulere og inspirere kunstnarar og handverkarar innan både dekor og kubbestolmaking til å tenke nytt. På denne måten vil vi bidra til at handverket blir halde i hevd og til at kubbestolen fremdeles kan ha sin naturlege plass i norske heimar.

Ein av kubbestolane som deltek i utstillinga er laga av Darija Sapozenkova-Hauge, og du kan lese meir om arbeidet her.

Husflidsutstillinga og studentarbeid

Dei beste arbeida i Husflidstevlinga vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku'n. I tillegg er vi særs glade for å ha eit godt samarbeid med Høgskolen i Sørøst-Norge, og studentarbeid frå HSN campus Notodden og Rauland blir synt fram på utstillinga.


Ei inspirerande og spennande husflids- og særutstilling finn du i Hall B