8. september 2017
Komikaren Bård Tufte Johansen fekk æra av å dele ut Dyrskuprisen under ku- og geiteustillinga fredag. Prisen gjekk til ku nr. 548 frå Kurompa Samdrift i Bø i Telemark.
Foto: Silje Hegnastykket mønstra kua frå Kurompa samdrift som fekk Dyrskuprisen av Bård Tufte Johansen.
36 kyr og 24 geiter blei vist fram under døminga. I tillegg var det 17 deltakarar på kalvemønstringa, 9 i kumønstring for ungdom og 9 i ungdomsmønstring for geit.
- Bare 35 kyr er halvparten av det normale, men grunnen er at mange ikkje får lov til å stille på grunn av sjukdomen BRSV/BCOV. Det er ein smittsom diaré og hoste-sjukdom som vi ikkje ville spre. Derfor er det bare såkalla «grøne bestningar» som får lov å stille i år, seier utstillingsansvarleg Njål Vestøl.
Han var også nøgd med å få friska opp prisutdelinga med ein komikar. Bård Tufte Johansen tok poenga fort og forstod kva domarane ser etter. Han gjennomførte med stil, meiner Vestøl.
Slik blei resultata:
- Kalvemønstring under 10 år:
- 1. Eirik Bergland Mælandsmo
- 2. Astrid Hvistendahl
- 3. Olav Mæland
- Kalvemønstring over 10 år:
- 1. Kristine Bergland Mælandsmo
- 2. Luna M. Dalviken
- 3. Mona Tjønnemark
- Kumønstring for ungdom over 13 år:
- 1. Anna Kristine Aarsland
- 2. Marie Hognestad Brådli
- 3. Magnus Aarsland
- Beste NRF-ku: Kunr. 548 frå Kurompa Samdrift i Bø. Mønstrer Silje Hegnastykket
- Beste Telemarksku – tildelt Dyrsku’bjølla og Gro og Hølje Brekkas Vandrepremie blei kunr. 245 Lauvros frå Torfinn Knutsen
- Beste ungku – Telemark blei kunr. 236 Liti Gull fra Gunnar Haugo
- Dyrskuprisen for ku blei tildelt kunr. 548 fra Kurompa Samdrift, mønstrer Silje Hegnastykket
- Ungdomsmønstring – geit:
- Knut Hauge og Edvard Eilertsen
- Ekstrapremie til Sakarias Veslestaul og Jon Hauge
- Beste geit og tildelt Seljordsprisen 2017 blei geit nr 6147 Marigull frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge
- Vandrepremie frå produsentlaget for den 1. premiegeita med høgast poengsum når vi tar med avlsverdi blei tildelt geitnr. 6056 Fineline frå Gunnar Haugo og Yvonn Minde

Foto: Seljordprisen blei delt ut av ordførar Halfdan Haugan til geita frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge.