Bård Tufte Johansen til Dyrsku'n

Bård Tufte Johansen

9. juni 2017

Ein av Noregs mest populære komikerar deltek på opninga av Dyrsku'n den 8. september 2017. – «Som Telemarking vet jeg hvor stort, gøy og viktig Dyrsku'n er», seier Bård Tufte Johansen.

Foto: Kimm Saatvedt

Skiensguten og komikaren Bård Tufte Johansen er i dag programleiar for «Nytt på nytt» på NRK, med lagleiarane Pernille Sørensen og Johan Golden. Det er ein populær komikar som i år tek turen til Seljord. For sitt eiga stand-up-show Mann (44) fekk Bård Komiprisen 2014 i klassa årets stand-up-komikar.  Saman med Harald Eia har han gjennom mange år også skapt ei rekke radio- og tv-suksessar. 

Når han skal beskrive oppdraget på Dyrsku'n, svarar han med klassisk Bård-ironi:

"Som Skiensgutt er det en ære å bli invitert til Dyrsku'n i Seljord. Det var der jeg som guttunge så ku for første gang, i hver fall bli solgt. Dyrsku'n har holdt på i 150 år og jeg har fått lov til å holde tale på åpningsarrangementet. Tema er mat, helse og miljø og jeg lover at det blir gøyere enn det høres ut", seier Bård Tufte Johansen.

Rett før Bård Tufte Johansen debutera som «Nytt på nytt»-general, sa han: "Ingenting gjør folk så rasende som at vi gjør narr av dyr. Så det må vi nok unngå. Dyr, profeter og fotball-laget Odd er tabu", sa komikaren. Men om dyra blir freda når Bård står på scenen under Dyrsku'n 2017, vil vise seg.

Temaet for årets opningsarrangement er landbruk og mat i eit helse- og miljøperspektiv. Målet med opningsarrangementet er å nå ut til eit bredt publikum, både dei fleire tusen frammøtte og dei som følger direkteoverføring på nett. Det blir underhaldning, politisk debatt og inspirerande innslag om framtida til norsk mat og landbruk. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) vil halde den offisielle opningstala. Programleiar for årets opningsarrangement er den tidlegare NRK-profilen Erik Aasheim og bonde og kultur-personlegdom Aasmund Nordstoga.