Bornas draumehelg

Katastrofe til Dyrsku'n

søndag 3. september 2017

Dyrsku'n avsluttar i kjent stil med familiedag på sundag, men også resten av helga er det mykje å glede seg til for både liten og stor.

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Jens Edgar Haugen

Noregs største tivoli, Lunds tivoli, tek med seg karusellane sine, og det blir sjølvsagt ingen fest utan musikk. I år er det Lothepus og Katastrofe som skal underhalde.

Frå publikum til artist

Leif Einar Lothe, best kjend som Lothepus frå programmet Farmen kjendis på TV2, har besøkt Dyrsku'n og fleire andre arrangement på Dyrskuplassen i ei årrekke. I år skal han sjølv spele og helse på publikum. "Vi er veldig glade for at Lothe vil ta turen til oss. Vi veit at det er mange av våre yngre gjester som gjerne vil møte Lothe, og det får dei sjansen til under sundagens familiearrangement", seier Marit Mæland, prosjektleiar for Dyrsku'n. Men den folkekjære entertaineren og artisten er ikkje det einaste musikalske innslaget.

Slettes ingen katastrofte

Fredrikstad-artisten Katastrofe, som til kvardags ber det mindre dystre namnet Petter Kristiansen, har samarbeida med blant anna Staysmann og Lazz, Marcus & Martinus og Alexander Rybak. I 2016 toppa han VG-lista med singelen "Sangen du hater" og tidlegare i år kom låta "Om alt går til helvete". I tillegg til konsertar blir det ei rekke aktivitetar på plassen heile familiesundagen. 

Her kan borna vere med og lage mat, dreie, spikke, byggje plankehytte og ri. Det blir dessutan mogleg å besøke ein ekte vikingleir og helse på husdyr. Det blir buktalarshow med Erik Mogeno, kjend blant anna frå Norske talenter med framsyningane sine med Kaninen Kalle. 

Trykk her for å laste ned Bornas Dyrsku'n-kartet.