Byggotto utan babbel

Andreas Viestad og Svein Jæger Hansen viser fram korleis man lagar byggotto

8. september 2017

Babbel eller ei, Andreas Viestad diska opp med ein herleg byggotto i norsk grønsakskraft i Lokalmatteltet på Dyrskun's fyrste dag.

Bilde: Kjendiskokk Andreas Viestad og reinskokk og kokebokforfattar Svein Jæger Hansen viste korleis ein kan lage ein herleg byggotto.

Saman med reinskokk Svein Jæger Hansen underheldt Viestad publikumet i Lokalmatteltet med ein ekte, norsk byggotto.

- I staden for ris, så kan vi med fordel bruke bygg her i Noreg, sa Viestad, medan han dytta norske grønsaker ned i juicepressa.

Løyndomen med byggottoen er å legge byggryna i blaut over natta i denne råsafta av grønsakene, før ein neste dag kokar byggen opp med kraft. Med lokal parmesanost og norsk smør, blei dette ein herleg, smakfull rett, som publikum heldigvis fekk smake på.

Nokre syns kanskje det var babbel den godeste Viestad dreiv på med. Ein gubbe stilte seg opp rett framom kjendiskokken og kikka med eit kritisk blikk på demonstrasjonen. Kanskje han trudde det var ein vanleg "svenskestand" med demo av ei grønsakspresse? Viestad hermde etter mannen at "nei, det går ikkje an å høyre på dette babbelet", og gubben vandra vidare.

Ei som syns babbelet var heilt ok, var vesle Juliane på fem år. Saman med familien hadde ho reist heilt frå Kvinesdal for å vere på Dyrsku'n. Andreas Viestad var oppteken av at barn også må få smake og prøve mange ulike typer grønsaker, og fekk Juliane til å smake. Juliane synast ikkje rå purre var noko særleg, men rå fenikkel smaka litt lakris og var i grunnen ganske godt.

Juliane og Andreas Viestad i spennande smakstesting