Delfinale på Dyrsku'n

Det Norske Måltid med delfinale på Dyrsku'n 2017

fredag 8. september 2017

Finalistane er klare etter ein dag med smaking og vurdering av produkt.

Foto: Ingveig Tveranger/Det Norske Måltid

Kategorien Årets Bakst er ny av året og høyrer naturleg heime i Det Norske Måltid. Det er ei aukande stolthet for norske baketradisjoner. Nivået er høgt og det har vore krevjende å finne fram til finalistane, seier juryleiar Gunnar Bakke.

Det var mykje godt å smake på. Det var òg vanskeleg å skilje mellom dei aller beste og dei som ligg hakk i hæl. Mange lager produkt på eple, men eg håpar å sjå større variasjon framover, seier Geir Skeie.

Dommarane på Dyrsku'n i Seljord er Geir Skeie (Bocuse d'Or 2009, Brygga 11), Anita Løyning (Oldermann NKL Rogaland), Nils Henning Nesje (Bondelagskokk 2017), Britt Elisabeth Fossdal (Designkokken) og Gunnar Bakke, juryleiar (Baker- og Konditorbransjens Landsforening.

Den store matgallaen og finalen blir i Stavanger 12. januar 2018. Vi gler oss til å markere 10 år med Det Norske Måltid, der Even Ramsvik lager eit måltid basera på dei 39 finalistprodukta. Alle som har lyst kan kjøpe billett, seier prosjektleiar Sigve Skretting.


Finalistar Årets bakst 

Inderøy Skjenning, Røra Bakeri AS, Sør-Trøndelag
Håndkjevla Rummebrød, Hemsedal Flatbrødbakeri AS, Buskerud
Ølsprøtt, Melhus Bakeri, Sør-Trøndelag

  

Finalistar Årets det Grønne, foredlet

Musserande Eplemost av eple, Karin Schneider frå Grønvik Gard, Rogaland
Solbærdrikk (drikkeklar), Røyse Frukt- og bærpresseri AS, Østfold
Bringebærsaft, Påldtun frukt og bær, Sogn og Fjordane

Følg Det Norske Måltid vidare til finalen her.