Det spirer hos Hoppestad

Hoppestad Gård inspirerer i bruk av spirer

9. september 2017

Fargerike spirer og fermentert te. Laurdag viste Dyrskukokk Svein Jæger Hansen korleis ein kan lage den lekraste byggrynssalat med ingrediensar frå åkrane til Hoppestad gård i Skien.

Hoppestad gård er årets gjesteutstillar på Dyrsku'n. Standen er nesten den fyrste du ser når du går inn i lokalmat-teltet. Per Arne Hoppestad forklarar og deler ut smaksprøver på smakfulle knekkebrød, laga på spirer, diverse frøsortar og gode krydder, i tillegg til den godgjerande styrkedrikken Kombucha.

Hoppestad Gård inspirerer i bruk av spirer

"Spennande smak", konstaterer Ragnhild Lingelem frå Sandefjord, som er på Dyrsku'n for fyrste gong.

"Ja, spennande. Eg lika godt den med ingefærsmak", seier venninna Inger Lise Strandin.


Bonde og innovatør Per Arne Hoppestad forklarar vidare om fordelar med denne fantastiske styrkedrikken. Den er god å drikke før mat og den kan erstatte sitron i matlaging.

Det blei demonstrert laurdag føremiddag då årets Dyrskukokk, Svein Jæger Hansen, laga ein enkel dressing av Kombucha med ingefær, spedd med rapsolje og krydra med salt og pepar inne i Lokalmat-teltet. Dressingen passa perfekt til byggrynssalaten med grønkål, lokal ost, reddik og sjølvsagt fargerike spirer frå Hoppestad gård. "Når ein lagar mat, og god mat, er det bare å bruke fantasien", oppfordra Svein Jæger Hansen.

Hoppestad Gård inspirerer i bruk av spirer