Godt fornøgd

Skogtunet

8. september 2017

Trass fuktig haustvêr, tok heile 21.279 besøkande turen til Dyrskuplassen fredag.

Bilde: Frå skogpolitisk debatt på Skogtunet. Per Olaf Lundteigen (SP), Dag Terje Andersen (AP) og Ådne Naper (SV) utforda Olav Breivik (H) på regjeringas skogpolitikk. Debattleiar var Arnulf Møllerstad, godt kjent frå NRK og Friluftsmagasinet.

Leiinga i Dyrsku'n er svært godt fornøgd med dagens besøkstal og gjennomføring av arrangementet. 

"Vi venter storinnrykk resten av helga når hausten skal vise seg frå sin beste side laurdag og sundag", seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Publikum kan vente seg mykje spennande program på dei dagane som står att, blant anna temmekurs for kjøttfe, bryllaup, NM i graut, auksjon på Lothepus sin gravar og Bornas sundag.