Hels på Holger, Lothepus jr

Holger, Lothepus jr. på stand A103

10. september 2017

Da Holger var 4 år, ville han bli prest. Så skjønte han at det ikkje var presten som bruka gravemaskin


Foto: Klipp frå boka Fjorden Cowboys


Allereie i 1. klasse på skulen fekk han avtale om å signere lærling-kontrakt hos eit stort entreprenørfirma når han hadde gjennomført grunnskulen. Han bruka alle friminutta og fritida si på å grave i grusen, og fast fylgjesvenn i skoa? Eitt par centimeter med grus. I 2014 dukka det opp ein ny helt for Holger. Fjorden Cowboys og Lothepus. Tilfeldigheiter gjorde at Leif Einar ringte og gratulera den vesle anleggsslusken på 8-årsdagen hans. Avtaler blei inngått; Holger skulle ikkje røyke, og heller ikkje banne. Holger lova dyrt og heilagt at han skulle høyre på den store helten sin. Etter Farmen Kjendis skjønte plutseleg alle kven Holger var kledd ut som. Nemleg Leif Einar Lothe.

Eit unikt vennskap vaks fram, og Holger og Lothepus har tett kontakt. Holger har jamvel vore heime hos Randi og Leif Einar og hjulpe dei med å ordne plen rundt huset. 

Leif Einar skulle delta i Farmen i barnehagen heime i Odda. Då drog han fram eit kult triks om å blåse opp ballongar, grave dei ned i sanden for så å stikke høl i dei. Det hadde han nemleg lært av Holger.

Foreldra til ti-åringen har stand på Dyrsku’n, og Holger fekk i fjor eit lite hjørne for å selje dill og dall. Han sparar til si eiga gravemaskin, må vite! Gleda var stor når Lothepus plutseleg sto i teltet, og enda større når han fekk eit godt bidrag til gravemaskina som starthjelp av sjefen sjølv. I dag er siste dagen på Dyrsku’n, og Holger har stjerner i augo omringa av gravemaskinar og ikkje minst, dagens program med auksjon og konsert med Lothepus sjølv.

Du kan besøke Holger på stand A103. Hugs at all inntekt han får skal gå til gravemaskin når han blir vaksen!  

Holger, Lothepus jr. på stand A103