Hestetevling for store og små

Hestetevling for store og små

lørdag 9. september 2017

37 hestar av ni ulike raser er vurdert av domarane på Dyrsku'n i dag.

Dessverre kolliderer Dyrsku'n i år med eit anna arrangement for tråvarar på Bjerke travbane. Derfor er det bare halvparten av dei hestane det brukar å stille, seier Jorunn Svensson som er ansvarleg for utstillinga.

Hos tråvarane ser domarane ser etter kor mykje hestane har køyrd inn på travbanen, og for dei andre er det heilskapsinntrykket av korleis hesten ser ut. Dei får poeng blant anna for bein, storleik, nakke og mange andre kriteria.

Last ned resultatlista her.

"Voje Vira" blei kåra til beste hest og fekk derfor Dyrskuprisen. 

Voje Vira fekk Dyrskuprisen 2017

"Odine U.N." fekk prisen som dagens hest.

Odine U.N. blei Dagens hest