Husflidtevlinga Dyrsku'n 2017

Knivtesting

fredag 25. august 2017

Det er totalt dømt 184 produkt innsendt av 98 deltakarar. 106 produkt er premiert, og av desse har 29 arbeid nådd opp til ein 1. premie.

Bilde: testing av kniv

Dommarane melder om høg kvalitet på dei innsendte arbeida, og at det er særs mange dyktige deltakarar. 


Det vert dela ut både Nyskapingspris, Stimuleringspris og tre Diplom for godt handverk frå Norges Husflidslag. 

Pris- og premieutdeling blir i Hall B sundag 10. september kl. 15.00. Før dette, kl. 14.00, er det òg ei samling for deltakarane same dag og stad. Alle deltakarar er hjarteleg velkomne til å delta.


Publikum er hjarteleg velkomne til å sjå alle dei flotte produkta utstilt i Hall B under Dyrsku'n.

LES PREMIELISTA FOR HUSFLIDSTEVLINGA HER

For fleire bilde frå dømminga, følg oss gjerne på facebook.