Kje-kjøt til folket

Bondelagskokken 2017 Nils Henning Nesje ivrer for kjekjøtt

lørdag 9. september 2017

Det er ei delikatesse. Det er gørrgodt!

Meiner bondelagskokk Nils Henning Nesje.

Midt mellom kylling og lam i smak, og med potensiale til å bli noko av det saftigaste kjøtet du har smaka; der har du kje-kjøtet. Men kje-kjøt er ein ressurs vi kan bli endå betre til å utnytte. For vil ein ha geitemjølk til geiteost, så må ein ha kje.

Soga om korleis me brukar kje-kjøtet liknar mykje på dagens debatt om hønsekjøt i butikkane. Tidlegare blei kje-kjøtet ofte kasta, men no har heldigvis mange fått opp augo for det velsmakande kjøtet. Nokre butikkar har til og med kampanjeveker med kje-kjøt i fokus.

Nede på Sterke Nils-tunet kan ein få sjå og smake på kje-kjøt på Dyrsku'n. Bondelagskokken Nils Henning Nesje, har ei travel Dyrskuhelg som dommar i delfinalen i "Det norske måltid" og foredragshaldar om mat, reiseliv og matsvinn. Men han finn også tid til å formidle tips og triks om korleis ein omnsbakar kje-kjøt. Etter 2,5 time i steinomnen vil det også vanke smakebitar for den som ynskjer det.

Lyst til å smake? Gå til Sterke Nils-tunet laurdag kl. 16.00 og sundag kl. 12.00