Kjendiskokk Andreas Viestad til Dyrsku'n

Andreas Viestad til Dyrsku'n

22. juni 2017

Ein av Noregs mest profilerte kokkar og matskribentar, Andreas Viestad deltek på opninga av Dyrsku’n den 8. september 2017. Han vil ta med seg grytene opp på scenen og utfordre politikarane i kva slags matpolitikk som trengs i framtida.

Foto: Andreas Viestad

"Dyrsku’n er ikkje bare ein stad der matprodusentar og folk som jobbar med landbruk møtes. Det er også ein stad for den gode maten og dei viktige samtalene", seier Andreas Viestad.

Den kjente kokken, matskribenten og forfattaren er i dag fagleg ansvarleg for Geitmyra matkultursenter for born, ei stifting som arbeider med å lære born om mat og matlaging. Andreas Viestad har skreve 14 kokebøkar. Han er også programleiar for tv-serien ”New Scandinavian Cooking” som blir synt på PBS i USA og BBC Lifestyle. I Noreg er han mest kjent på fjernsyn som programleiar for En bit av Norge, som har blitt synt på TV2 i Noreg i fleire omgangar sidan våren 2011. Han er òg medeigar i grillrestauranten St. Lars på Bislett i Oslo.

Andreas Viestads pasjon for mat handlar om den maten han lagar og et, men også om den maten han et når han er på reise, og dei menneska som lagar den. Det handlar om historie, om maten som har forma oss som menneske og som kultur. Og det handlar om maten som skal forme framtida vår. Men mest av alt handlar det om den maten vi et saman.

"På Dyrsku’n gler eg meg til å komma for å utfordre nokre av landets landbrukspolitikarar om korleis dei kan lage ein meir matvennleg politikk. Eg skal òg ta med meg nokre gryter opp på scenen", seier Andreas Viestad.

Temaet for årets opningsarrangement er landbruk og mat i eit helse- og miljøperspektiv. Det blir underhaldning, politisk debatt og inspirerande innslag om framtida til norsk mat og landbruk. Blant anna vil Bård Tufte Johansen, ein av Noregs mest populære komikarar på sitt ironiske vis utfordre den norske bonden, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) vil halde den offisielle opningstala. Programleiar for årets opningsarrangement er den tidlegere NRK-profilen Erik Aasheim og bonde og kulturpersonlegdom Aasmund Nordstoga.