Kjøpte gravemaskin av Lothepus

Lothepus auksjonera bort sin 312DL

10. september 2017

Norsk Bygg på Notodden fekk tilslaget og kjøpte Lothepus si gravemaskin for 480.000 kroner sundag.

Foto: Sigmund Kasin og Espen Andersen frå Norsk bygg takkar Lothepus for handelen saman med auksjonarius Håkon Marius Kvæken.


Anleggsfirmaet Pon Equipment hadde nok ikkje trudd dei skulle få så mange besøkande på standen sin under auksjonen.

"Om eg ikkje får høge nok bod, så tek eg bare med meg maskina tilbake til Hardanger. Så enkelt er det", sa Leif Einar Lothe før auksjonen.

"Vi startar på 400.000 kroner", sa auksjonarius Håkon Marius Kvæken frå toppen av ein Caterpillar 312DL.

Boda sat langt inne, men til slutt fekk Sigmund Kasin frå Norsk Bygg altså tilslaget på 480.000 kroner.