Kjøttfeauksjon

8. september 2017

Får 29 000, vil ha 30 000! Får 30 000, vil ha 31 000! Ikkje? Jaså, er det kjerringa som stoppar deg?

Auksjonarius Håkon Marius Kvæken heldt både tempo og humør på topp på kjøttfeauksjon, med raske replikkar og endå raskare tale, og publikum kosa seg. Auksjonen i fjor blei ein stor suksess, og stemninga var minst like god i år.

Dei beste

Bare stambokførte dyr blei aksjonerte bort, dei beste av dei beste, og bare kviger. Dei er lettare å handtere på plassen.

"Oksar er der ikkje plass til. Kua har også gjerne kalv i denne perioden, og må då anten seljast med kalv eller kalven seljast med mor", forklarar ansvarleg for kjøttfeauksjonen på Dyrsku'n, Elisabeth Haugarne.

Stort etterspurnad

Det har vore ei utfordring å få inn nok dyr til auksjonen. Etterspurnaden etter livdyr er svært stor og dyr blir gjerne borttinga året før. I tillegg er det strenge helsekrav til dyra og besetningane dei kjem frå.

Men auksjon blei det. Til saman ni kviger av rasane Aberdeen Angus, Hereford og Highland cattle gjekk under hamaren fredag. Totalt blei det selt kjøttfe for 248 000 kroner, noko som gav ein snittpris på 27 500 kroner

"Det er artig og morosamt at så mange har interesse for kjøttfeauksjon. Det er store moglegheiter for å produsere meir kjøttfe her i Noreg", sa Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, som også stilte opp i kjeledress for å leie kvigene inn i ringen.

Sjå livesending frå auksjonen her