Landbruksministeren og selfie

Landbruksministeren med budeieselfie

fredag 8. september 2017

Kva må ein ha med på ein skikkelig selfie? Ei vassekte budeie, sjølvsagt!

I alle høve er det oppskrifta til Landbruks- og matminister Jon Georg Dale(Frp). Ministeren besøker Dyrsku'n i dag, og saman med leiinga i Dyrsku'n fekk han ei omvising på plassen. På Sterke Nils-tunet og Ystebui greip han sjansen til å ta ein selfie med ei vassekte budeie frå Budeieveven, Ingebjørg Håvardsrud. 

På Skogtunet fekk Dale mellom anna teste ut den nye hogstmaskinsimulatoren til Nome vgs, sjå på motorsagstafett med raske studentar, før ministeren sjølv måtte friske opp gamle kunstar i reinskjering av kjekjøt. Ministeren har tidlegare arbeidd i fleire år som kjøtskjerar, og det tok ikkje lange stunda før kjeet vart reinska for bein.

Dale held i dag den offisielle opningstala til den 151. Dyrsku'n.

Landbruksministeren frisker opp sine kunnskaper som kjøttskjærer