Lothepus til Dyrsku'n!

Lothepus kjem til Dyrsku'n

6. juli 2017

Skytebas, sexsymbol, kultfenomen og rikskjendis Lothepus, kjent frå TV-serien Fjorden Cowboys og som årets vinnar av Farmen Kjendis har i ei årrekkje besøkt Dyrsku’n og fleire andre arrangement på Dyrskuplassen i Seljord. I år gler han seg stort til å underhalde Dyrsku-publikummet for fyrste gong.

Foto: Stian Servoss

Leif Einar Lothe, eller Lothepus, reiser land og strand rundt med sitt eminente band og trekker fulle hus i sjølv det mest fråflytningstruga bygdelag. 
På fremste rad står tenåringsjenter og lastebilsjåførar side om side og kan kvar ein song på rams. «Eg elskar kvinnfolk og sprenging», syng Lothepus i «To steg fram og attende tri». Slikt blir det allsong av. Det har også blitt to album; Sallaren og Cowboyhjarta og meir er på gong.

På Dyrsku'n  skal han både spela og helse på Dyrsku-publikummet på marknadens eigen familiedag sundag 10.september. 

"Vi er svært glade for at Lothe vil ta turen til oss. Vi veit at det er mange av våre yngre gjester som gjerne vil møte Lothe, og det vil dei få høve til under søndagens familiearrangement", seier prosjektleiar for Dyrsku’n Marit Mæland. 

I tillegg til konsert med Lothepus er det ei rekke andre familieaktivitetar på plassen. Her kan borna både vere med på matlaging, dreiing, spikking, plankehyttebygging, riding, besøke ein ekte vikingleir og helse på alle dei norske husdyra. I tillegg blir det show med buktalar Erik Mogeno og futt og fart når Nordens største tivoli, Lunds tivoli, kjem med sine karusellar.