Meir enn berre utsleppskrav

Pon Equipment i704

tirsdag 5. september 2017

Teknologiens rolle i miljøkampen blir større og større, meiner Fredrik Sætren i Pon Equipment.

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Pon Equipment

Dei siste åra har det vore veldig mykje fokus på utslepp og kor mykje motoren slepp ut, men det handlar om meir enn det, seier Fredrik Sætren. Han er produktsjef for små og mellomstore hjullasterar i Pon Equipment, som forhandlar Caterpillar (Cat) i Noreg.

Mykje å ta tak i

Dei fleste er på Steg IV (det foreløpig strengaste kravet til utslepp for dieselmotorar i anlegg- og arbeidsmaskiner), og då må vi jobbe med kor mykje vi faktisk brukar, og der er det mykje å ta tak i, seier Sætren. Uansett kor du byrjar, er det noko du kan forbetre. Cat gjer sin del av jobben på motoren og det rundt slik at den skal gå lettast og best moleg, men framleis gjere den same jobben. Då står alt det vi som menneske kan bidra med att for å gjere ting enklast mogleg. 

Spar miljøet, spar pengar

Det handlar blant anna om å plassere seg rettast mogleg, om å sette lastebilen rett så du slepp å køyre unødvendig og om korte svingvinklar. Det er mange smådetaljar vi kan jobbe med for for å gjere ting meir miljøvennlege, og tene meir pengar, seier Sætren. Det å redusere på forbruket av fossilt brensel i anleggsbransjen er bra for alle. Når ein samanliknar kostnader og forbruk, er det framleis mykje å spare både miljømessig, forbruksmessig og kostnadsmessig, understreker han. Slik det ser ut no, i alle fall i den størrelsen og det segmentet vi ofte jobbar, har vi ikkje fossilfrie løysingar endå. Og biodrivstoff er ikkje nødvendigvis svaret - det har andre konsekvensar. Derfor er det ikkje eit alternativ, så då er det god, gamaldags forbrenningsmotor som gjeld. Men den må vere Steg IV, og så må vi byrje å sjå på innsatsfaktoren og faktisk bruke minst mogleg drivstoff. 

Betre oversikt med ny teknologi

No som det kjem integrert teknologi som kan måle alt frå utslepp til effektivitet og produktivitet, vert det dessutan enklare å få oversikt over kor ein bør sette inn grepa. Ein får òg tydelege tal og verdiar som syner effekten av desse grepa. Det synast Sætren er spennande å fylgje med på. Når teknologien er integrert, blir det og mogleg å hente ut data medan maskina jobbar. Og så slepp dei som sit i hytta å bry seg om det, for det er ikkje alltid dei er like interessert. Dei berre fyller når maskina er tom. Men dei er interessert i å gjere ting raskast og smartast mogleg, for det er ei investering i eigen kvardag. 

Pon Equipment stiller sjølvsagt på Dyrsku'n med informasjon, kunnskap og maskiner. Sætren sjølv deltek for fyrste gong i år, men han veit godt kor viktig og interessant arenaen er for anleggsbransjen. Det er eit så breitt spekter av folk, kundar og brukarar der, så det er ein nyttig plass å vere, seier Sætren i Pon Equipment.