Møt Landbruket på Dyrsku'n

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale

2. september 2017

Dyrsku’n er arena for kunnskapsbygging og framvising av siste nytt innanfor landbrukssektoren. Dette har vore eit kjenneteikn ved Dyrsku’n, heilt frå tida der utstillinga var ei rein mønstring av storfe, til dagens utstilling som femnar svært breitt innanfor landbruk.

Foto: Torbjørn Tandberg

Møt landbruket er ein arena der Dyrsku-gjesten utan tilknyting til landbruket kan møte og bli betre kjent med denne næringa. Samtidig er Møt landbruket arenaen der gardbrukaren kan møte tillitsvalde og tilsette i sine medlems-organisasjonar.

Som eit ledd i å styrke den generelle kunnskapen om landbruk og matproduksjon, men og for å gå i djubda på enkelte felt, vert det også i år etablera eit eige foredragstelt på arenaen Møt landbruket. Der vil dei som møter opp høyre svært aktuelle foredrag og debatter, gjennomført av dyktige foredragshaldarar.

I år tilbyr Møt landbruket blant anna fyljande i foredragsteltet utanfor Husdyrhallen:

  • Norsk landbruk representerer svært mange yrkesmoglegheiter, - alt frå å vere bonde og matprodusent, til forskaren som utviklar nye kornsorter. Under årets Dyrsku er vi så heldige å ha representantar for ein komplett «verdikjede» innanfor naturbruksutdanning til stades. Fredag 8. september vil desse representantane halde foredrag om dei moglegheitene som finnast innanfor landbruks- og naturbruksutdanning, frå vidaregåande skule via fagskule og høgskule til universitet. Det heile skjer fredag 8. september kl. 11:00.
  • Antibiotikaresistens representerer ein alvorleg trussel for folkehelsa. Norsk landbruk gjer ein stor innsats for å hindre utvikling av resistens mot antibiotika. Det skjer gjennom godt førebyggande helsearbeid i husdyrbesetningane og restriktiv bruk av antibiotika. Det skjer òg gjennom utslakting av husdyrbesetningar og sanering der det blir påvist antibiotikaresistente bakteriar. Fleire leiande personer innanfor husdyrbruk og folkehelse stiller til foredrag og debatt om emnet. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale stiller på dette foredraget. Foredraget og påfølgjande debatt er fredag 8. september. kl. 18:00.
  • Norsk svineavl er i verdstoppen, og norske svineprodusentar er innovative og framoverlente fagpersoner. Norsk svineproduksjon er tufta på ein sunn gris med gode produksjons-eigenskapar og med eit lavt behov for medisinar. Dette er verdt å ta vare på og utvikle vidare! Adm. direktør i Norsvin, Olav Eik Nes vil fortelje om korleis man kan utvikle norsk svineproduksjon basert på norsk modell. Foredraget starter kl. 12:00, fredag 8. september.
  • Landbruk er high tech, og ingen er flinkare enn bonden til å ta i bruk ny teknologi. Landbruksroboten Asterix er eitt eksempel på dei moglegheiter ny teknologi skaper for landbruket. Asterix er ein konstruksjon for plantevern, og robotens teknologi kan redusere behovet for plantevern med langt over 90%. Selskapet som har utvikla roboten, Adigo, kan du møte i foredragsteltet kl. 17:00 på fredag.
  • Kva veit vi om skrantesjuke på villrein, - bortsett frå at villreinstammen i Nordfjella skal slaktas ned? Er villreinen i fare? Er andre hjortedyr i fare? Kan sjukdommen bli et problem for husdyr på utmarksbeite? Eller er det langt mindre dramatisk? Ein av landet fremste ekspertar på området, vil prøve å gje oss nokre av svara. Laurdag 9. september kl. 12:00.
  • Ein tur i norske daglegvarebutikkar er ei oppleving av å velje blant overflod. Vi skal kose oss med maten med godt samvit, men vi bør ete opp det vi kjøper! Vi har eit moralsk ansvar for å gjere det, det er bra for miljøet, og det er godt for eiga lommebok. Null matsvinn, - er det ein visjon eller reell moglegheit? Bondelagskokken Nils Henning Nesje vil på sin svært engasjerande måte gje oss gode tips på korleis vi kan redusere matsvinnet til et minimum. Det skjer i foredragsteltet kl. 13:00, laurdag 9. september.
  • Klimaet er i endring, og vi byrjar å sjå følgene av endringane. Sjølv om president Donald Trump har valt å trekke USA frå Paris-avtala, så er heldigvis resten av verda rimeleg samstemte om at det skjer endringar i klimaet, og at det må «bli tatt tak»! Bonden, som må spille på lag med naturen, er den første som merker endringane i klimaet. Klima-utfordringane skaper òg moglegheiter for norsk landbruk. Desse moglegheitene kan man bli betre kjent med under foredraget til direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein. Laurdag 9. september kl. 14:00.
Dyrsku’n er ikkje berre fag og faglege nyheiter. Dyrsku’n er òg ein stor folkefest med tilbod til alle aldersgrupper. Erik Mogeno er kjent for mange som buktalaren som handterer ulike karakterar, og som har god kontakt med sitt publikum. Sundag er familiedag på Dyrsku’n, og Erik Mogeno er klar i foredragsteltet kl. 13:00 denne dagen.

For fullt program, sjå her.