Norsk parmesan blei årets Dyrskuprodukt

Thorbjørnrud Ysteri kåret Årets Matprodukt 2017 på Dyrsku'n

9. september 2017

Eit etterlengta produkt, seier dommar og Dyrskukokk Svein Jæger Hansen, om osten til Thorbjørnrud ysteri.

Foto: Ein ny type parmesan frå ysteriet på Thorbjørnsrud hotell blei laurdag kåra til årets Dyrskuprodukt.

Det er ingen i Noreg som har klart å lage ein parmesan som dette. Dei er enten for harde, eller for mjuke, forklarar Hansen.

I ei lekker innpakning ligg premie-osten som ei rund, lita kule, rulla i pepar. Ved sida ligg eit lite rivjern klart. Slik blir produktet ei fin vertinnegåve, i tillegg til at kvalitet og den nyskapande delen av produktet er oppfylt.

Ein annan ting er at når ein ved eit bord serverer osten med eit lite rivjern ved sida, skaper det eit lyft i heile måltidet. Du viser at du bryr deg om gjestene dine, og når du riv osten, blandar ost og pepar seg, og det blir ein behageleg smak i munnen, seier Hansen entusiastisk.


Ysteri i bassenget

Thorbjørnsrud hotell på Jevnaker har dei laga sitt eige hotellysteri i det gamle bassenget. Med hjelp av sveitsisk ekspertise har hotellet utvikla fleire ostetyper, som no denne nye parmesanen. 

Vi utfordra ystaren vår og den kompetansen som ligg der. Så dette er morosamt, seier hotelldirektør Olav Lie-Nilsen, etter å ha mottatt prisen på Dyrsku-fredagen.

Dyrsku'n er ein viktig arena for oss. Vi vil formidle våre verdiar, der vi mellom anna brukar maten aktivt i vår kommunikasjon, avsluttar Lie Nilsen.