Feirar dei norske hesterasane

Hest på Dyrsku'n

torsdag 7. september 2017

At hest er best er noko alle veit, og på Dyrsku'n får du sjå dei aller beste hestane. Generalsekretær Svein Morten Buer i Det Norske Travselskap gler seg til å vise fram dei norske hesterasane.

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Marthe Amanda Vannebo

Vi er veldig glade for å vere tilstades og få vist fram hestane på Dyrsku'n, seier Svein Morten Buer. Han er praktisk talt oppvaksen på travbanen i Drammen, kor far hans jobba. Sjølv byrja han å jobbe i hestesporten allereie frå ung alder, og har og jobba med journalist- og tv-aspektet av travsporten. I fjor vår blei han valt som styreleiar i Det Norske Travselskap (DNT), men blei innstilt som generalsekretær i november etter styrets ynskje. 

Ein viktig arena

Generalsekretæren seier at Dyrsku'n er ein viktig arena for å vise fram dei finaste og mest attraktive dyra som bringer avlen og oppdretten framover. Det er dei beste dyra som vert synt fram. Vi ser at dei som vert premiert under utstillinga på Dyrsku'n kjem att. Den som blei kåra til den beste uansett rase, altså den flottaste hesten, Kos Odin, som då var to år gamal, er ein av favorittene til årets travkriterium i Noreg, seier Buer. 

Mangfald og kulturarv

Mangfaldet i dei norske hesterasane - nordlandshesten, fjordhesten, tungdølen og kaldblodstravaren er viktig for Buer og DNT. Det er viktig å finne aktivitetar for alle dei fire særnorske hesterasane slik at vi kan ta vare på dei for ettertida, seier Buer. Han meiner det er viktig for å ta vare på både historia og kulturarven desse hesterasane er ein del av. 

Tungdøl og lettdøl

DNT har eit spesielt ansvar for kaldblodstraveren, som opphaveleg var ein arbeidshest med same utspring som tungdølen. For vår del, om vi ikkje kan konkurrere med dei og drive ein sportsaktivitet, vil hesten døy ut. Garantert. I si tid blei det klart at ein trong to ulike typer hestar. Ein avla då fram ein sterk og god arbeidshest til bruk i skogen og på jorda og til ana type hardt arbeid. Det er dagens tungdøl, også kjent som norsk dølahest. I tillegg trongs det ein lettere hest for at legar, prestar og lensmenn skulle kome seg raskt fram langs vegane. Det er kaldblodstraveren, også kjent som lettdøl.

Plagast av kalenderkollisjon

Buer forklarar at arrangementet i Seljord diverre kolliderar med DNTs viktigaste og største arrangement, klasseløpa, kvart fjerde år. I år er eit slikt år, og det er noko som plager dei. Vi skulle gjerne ha endå større merksemd rundt aktiviteten på Dyrsku'n, men vi klarar ikkje å komme unna dette, diverre. Vi prøvar jamvel å vere så godt tilstades som mogleg, og bidra til at det blir eit godt arrangement, seier han. Og DNT er absolutt tilstades i Seljord også i år. Dei stiller med eigen stand og eit av forbunda, Telemark Travforbund, er sentrale i hesteutstillinga.