Ny fag-ansvarleg NM i graut

Ny fag-ansvarleg NM i graut

8. mai 2017

Bli betre kjent med Ann-Helen her

Ann-Helen kjem opphaveleg frå Melbu i Vesterålen, der ho vaks opp i idylliske omgjevnader på ein gard. Ho er utdanna kokk og matteknolog, og yrkesvegen har ført henne til spennande stillingar i store deler av landet. Etter 6 år i Oslo der ho jobba for Norsk Kaffe Informasjon, gjekk turen til Telemark og Skien. Dei siste 11 åra har familien slått rot her, og Ann-Helen har vore engasjera i fleire prosjekt knytt til mat. Interessa for god mat og gode produsentar fyller fritida hennar, og saman med familien blir den flotte og variera naturen i Telemark hyppig bruka.

I oppstartinga av matfestivalen Mersmak i Skien var vår nye fag-ansvarlege involvera i ulike roller; planlegging av innhald i marknaden, tilrettelegging og gjennomføring. I samband med festivalen vart det laga ein eigen grautoppskrift basera på havre og spelt-perler, som vidare vart presentera for ein rekke SFO’ar og som frukosttilbod under festivalen.

Ho har jobba som prosjektleiar for Telemark 4H sin matskule for born, ferieskule-tilbod og ettermiddagskurs i samarbeid med kulturskulen.

Sidan våren 2016 har Debio vore den faste arbeidsstaden hennar, og Ann-Helen gler seg til å gå i gang med interessante og givande oppgåver for å fremje NM i graut 2017.

Har du spørsmål om NM i graut? Ann-Helen kan kontaktast på mobil 414 79 320 eller e-post annhelen.juve@gmail.com