Ost blei millionbutikk

Kristin Waagen frå Tingvollost

10. september 2017

På Saghaug gard på Tingvoll på Nordmøre måtte dei satse på ei tilleggsnæring om det skulle bli arbeidsplassar. Dei satsa på ost og angrar ikkje på det. No blir det produsert 20.000 kg ost i året og blåmuggosten Kraftkar er kåra til verdens beste ost.


Kristin Waagen fortalde om suksesshistoria til engasjerte tilhøyrarar på «Møt landbruket». Ho skulle overta garden og valet av tilleggsnæring stod blant anna mellom ost, lefse eller spekemat. Men tilfeldigvis var det eit ystekurs akkurat då og landbruksminister Lars Sponheim hadde nettopp opna for å foredle mjølk utover eigen kvote. Det gjorde at det kunne bli ei attåtnæring utan å måtte ta av kvota.

«Da vi starta i 2003 hadde vi ein forretningsplan som sa at vi skulle bli den leiande osteprodusenten i Møre og Romsdal. Det syns vi var eit hårete mål. I 2006 da vi bygde ysteriet så hadde vi altså kome dit. Da måtte vi lage oss eit nytt mål: Vi skulle lage handverkost av internasjonal kvalitet. Derfor deltok vi på World Cheese Awards», fortel den engasjerte osteprodusenten.

I 2009 blei osten kåra til Årets ost i Noreg. To år seinare blei det nye utmerkingar da osten vann trippel gull i norsk, nordisk og VM.  I fjor blei osten kåra til verdas beste ost.

Nå er det investert godt over 20 millionar kroner på garden med nytt fjøs og ysteri. 57 mjølkekyr produserer store mengder mjølk av høg kvalitet som går både til eigen produksjon og til Tine sin Jarlsberg-produksjon i nabokommunen. 10 liter mjølk går med til å lage ein kilo ost.

Skal osten smake bra så må også dyra ha det bra.

«Det vi held på med er handverk og vi lagar all osten for hand. Vi har ei maskin i ysteriet og det er oppvaskmaskina. Det er hender, syn og lukt som bestemmer rette ystetidspunkt», seier Kristin Waagen.

Ystinga er bare halve prosessen. Osten skal saltast, snuast og blåmuggosten må stikkast hol i om det skal vekse mugg inne i osten. Kraftkar skal i tillegg ligge på kjøl i seks månader og bli snudd kvar tredje veke.

«Noko av grunnen til at vi har klart å tene pengar er at vi har stått utanfor grossistleddet. Vi vel fritt kundane vi vil ha og kan seie nei om vi vil. Det gjer oss sårbare, men samtidig er det behageleg for da styrer vi sjølve. Vi stiller høge krav og har faktisk sagt opp kundar fordi dei er sure. Når vi tar imot bestillingar av ost, så vil vi møte blide folk», seier ho.

Ein butikk har dei sagt nei til to gonger fordi dei ikkje har kapasitet. Men butikkeigaren starta underskriftskampanje i butikken sin for å få Tingvoll-ost. Da forstod dei at denne fyren var så ivrig at han kom til å gjere ein kjempejobb, så han fekk lov.

«Dette er ganske personleg, vi kjenner dei vi sel ost til og slik vil vi at det skal vere».

Tine tek seg av distribusjonen, og Tingvollost er livredde for at Tine skal slutte med eigen distribusjon. No blir det pakka over 100 kasser i veka som går ut til 100 utvalde butikkar og 200 restaurantar. Hurtigruten er blant anna ein stor kunde.

Ein del ost blir også selt frå gardsbutikken. Salet der auka kraftig etter at Kraftkar vann World Cheese Awards.

«I fjor selde vi for 150.000 kroner i gardsbutikken. I år auka det til ein million på to sommarmånader», fortel den stolte osteprodusenten.