Populær meisterkokk

Geir Skeie (Bocuse d'Or 2009) på Dyrsku'n

fredag 8. september 2017

Mange sikra seg bok med signatur av meisterkokken Geir Skeie fredag.

SIGNERING: Ein ung kokk frå Seljord vidaregåande skule fekk meisterkokkens signatur i boka.


Skeie, som blei Bocuse d'Or 2009, er ute med ny kokebok, "Grøntboka, mine beste tilbehør". Fredag demonstrerte han sine kokkekunster i Lokalmat-teltet og signerte den nye boka si.


Lokale grønsaker og kvitost frå LEGA var nokre av ingrediensane han brukte i blomkålsalaten, som publikum sjølvsagt fekk smake etterpå.


Geir Skeie var ein av dommarane i Det Norske Måltid, som hadde delfinale her på Dyrsku'n.